Vi kan hjelpe deg i gang

Våre personlege trenarar skreddarsyr treninga etter målsetningane dine. Dei har stor treningsfagleg kompetanse, er gode motivatorar og vil motivere deg til å prestere ditt beste undervegs i treninga.

Ein PT kan mellom anna hjelpe deg å bli sterkare, auke uthaldet ditt, gå opp eller ned i vekt, eller generelt kome i betre form.

Personleg trening passar for alle, uavhengig av nivå og ferdigheitar, om du har mykje erfaring med trening eller ikkje. Du skal føle deg trygg på at våre personlege trenarar har kompetanse innan sitt fagfelt.

Våre personlege trenarar

Bjarne Bergheim
Bjarne Bergheim
Epost: bbergheim96@hotmail.com

Nivå: PT2

Bjarne har PT-bakgrunn frå AFPT. Han har brei bakgrunn frå idrett, både som aktiv, dommar og trenar, særleg i fotball, friidrett, volleyball og vektløfting.

Han er positiv og engasjerande og brenn for trening og helse. For Bjarne er det viktig at kunden føler mestring og tryggheit. Han vil jobbe utifrå der du er no for å komme dit du vil vere, anten du er nybyrjar eller vidarekomen. Bjarne likar veldig godt å arbeide med menneske og vere med å bidra til motivasjon og resultat.

Med Bjarne som trenar får du motiverande, utfordrande og godt tilpassa treningsøkter og program med glede, energi og humor

Tanja Aleksandra Nygard
Tanja Aleksandra Nygard
Epost: tanja@pulsforde.no
Nivå: PT2
Tanja har utdanning frå Akademiet for personleg trening (AFPT).
Ho er ein motiverande og positiv PT som ynskjer å legge til rette for at du skal nå dine personlege mål og ha det gøy undervegs. 
Tanja driv sjølv aktivt med styrketrening og dette er hennar store lidenskap. Med Tanja som trenar får du utfordrande og morosame treningsøkter tilpassa deg.

 

Eirik Flatjord
Eirik Flatjord
Epost: eirik@pulsforde.no

Nivå: PT3

Eirik har bakgrunn frå Norges Idrettshøgskule, er utdanna Prestasjonstrener (Exos) og jobbar som personleg trenar (PT) og kosthaldsrettleiar, og er medeigar på Puls Førde. Han er den mestselgande PT-en i Førde, med erfaring på over 8 år innen bransjen.

Med Eirik som PT kan du vente deg utfordrande og tøffe treningsøkter, med godt humør og høg kvalitet. Uansett kva di målsetting er vil Eirik hjelpe deg med å nå den. Han veit kva som må til.

Marte Mandelid
Marte Mandelid
Epost: marte@pulsforde.no

Nivå: PT2

Marte er utdanna personleg trenar frå Active Education i Oslo, og har i tillegg eit årsstudium i Idrettsvitenskap gjennom Norges Idrettshøgskole. Ho har jobba som PT på Puls sidan 2015, men studerer no i Bergen og driv difor for det meste med kundeoppfølging over nett.

Som personleg trenar sit Marte inne med mykje kunnskap kring trening, kosthald og ein sunn livsstil. For Marte er det viktig å finne den treningsforma som passar kvart enkelt individ, anten målet er å auke i styrke, gå ned i vekt, eller å generelt betre helse og livskvalitet. Ho er også oppteken av at det er den totale pakka med trening, kosthald, restitusjon og kvardag som gjer at du når dine mål.

Ynskjer du ein motiverande, inspirerande og bestemt PT? Då er Marte det rette valet! Ta kontakt med ho på marte@pulsforde.no for ein uforpliktande samtale