Spinning

Spinning hos Puls Førde

Spinning er ei effektiv og motiverande treningsform som passar for alle – uansett nivå. Hos Puls Førde får du ei treningsoppleving med høg energi, dyktige instruktørar og topp moderne utstyr som gjer kvar økt både kjekk og effektiv.

Effektiv kondisjonstrening

Spinning gir svært god kondisjonstrening og styrkjer både hjartet og lungene. Du styrer sjølv motstanden og intensiteten, noko som gjer at både nybyrjarar og erfarne kan trene side om side. Éi spinningøkt byggjer uthaldet og kondisjonen.

DSC03567
DSC03610

🚴‍♂️ Prøv Globeracer på Puls Førde!

Vi ynskjer at salen skal bli brukt til eigentrening når det ikkje er gruppetimar.

Sykle gjennom løyper frå Gaularfjellet, Fløyen og heilt til Frankrike – rett frå treningssenteret!
Perfekt for både nybyrjarar og erfarne!
Spør oss i resepsjonen – vi hjelper deg i gang!

Motiverande gruppetimar

Spinning er ekstra kjekt i gruppe! Våre instruktørleidde timar byr på inspirerande musikk, tydeleg rettleiing og god stemning som hjelper deg å yte litt ekstra. Samla blir det lettare å halde motivasjonen oppe og nå treningsmåla dine.

Enkel booking av timar

Du kan enkelt booke plass på spinningtimane våre via bookingsystemet som er på nettsida vår. Spinningtimar er lågterskel og passar alle. Så gjer deg klar for ei treningsøkt med høg puls og god meistringskjensle.

Velkomen til spinning hos Puls Førde – her får du effektiv trening, førsteklasses utstyr og ekte treningsglede 🚴‍♀️💪

Skroll til toppen