Har du lyst å kome i gang med trening, men veit ikkje heilt kvar du skal starte? Eller kanskje du har trent ei stund, men står litt fast og treng eit løft?
Ein personleg trenar (PT) gir deg både struktur og støtte – og hjelper deg å finne ein treningskvardag som fungerer for akkurat deg.
Hos Puls Førde møter du PT-ar som er meir enn berre fagpersonar. Dei er gode menneskekjennarar, dyktige motivatorar og flinke til å lytte – og dei veit korleis dei skal hjelpe deg framover, utan å presse deg over grenser du ikkje er klar for.
✅ Trening tilpassa måla dine – anten du vil bli sterkare, få meir energi, kome i betre form eller trivast betre i eigen kropp
✅ Eit realistisk og trygt treningsopplegg som passar din kvardag
✅ Motivasjon og støtte – når du treng det mest
✅ Råd og rettleiing frå fagpersonar med høg kompetanse
Personleg trening er ikkje berre for dei spreke og erfarne.
Tvert imot er det ein fantastisk start for deg som vil kjenne deg trygg i treninga, få gode rutinar og lære meir om korleis du kan trene på ein måte som gir meining.
Du bestemmer tempoet – vi viser deg vegen.
Når du melder deg inn hos Puls Førde, får du ein gratis PT-time inkludert. Det er ei uforpliktande moglegheit til å få ein smakebit på korleis det er å få hjelp frå ein personleg trenar og få ein god start på di treningsreise her på Puls Førde
Kom som du er – og la oss hjelpe deg i gang.
Antall | Nivå 1 | Nivå 2 | Nivå 3 | Nivå 4 |
---|---|---|---|---|
1 | 725,- | 775,- | 825,- | 925,- |
5 | 700,- | 750,- | 800,- | 900,- |
10 | 675,- | 725,- | 775,- | 875,- |
20 | 650,- | 700,- | 750,- | 850,- |
30 | 600,- | 650,- | 700,- | 800,- |
50 | 550,- | 600,- | 650,- | 750,- |
Antall | Nivå 1 | Nivå 2 | Nivå 3 | Nivå 4 |
---|---|---|---|---|
1 | 825,- | 875,- | 925,- | 1025,- |
5 | 800,- | 850,- | 900,- | 1000,- |
10 | 775,- | 825,- | 875,- | 975,- |
20 | 750,- | 800,- | 850,- | 950,- |
30 | 700,- | 750,- | 800,- | 900,- |
50 | 650,- | 700,- | 750,- | 850,- |
Antall | Nivå 1 | Nivå 2 | Nivå 3 | Nivå 4 |
---|---|---|---|---|
1 | 475,- | 520,- | 570,- | 720,- |
5 | 455,- | 515,- | 555,- | 690,- |
10 | 440,- | 495,- | 540,- | 630,- |
20 | 420,- | 470,- | 515,- | 590,- |
30 | 380,- | 440,- | 495,- | 570,- |
50 | 320,- | 390,- | 435,- | 510,- |